Fjord1

Slået op d. 24.05.2024

Vil du arbeide saman med oss på sjøen?

Fjord1 søker no etter dyktige vikarar til eit breitt spekter av sommarjobbar og vikariat innan navigasjon, matros, maskin og catering. Vårt behov er omfattande og strekker seg geografisk langs heile norskekysten.

Stilling
Navigasjon, matros, maskin og catering
Ansættelsesforhold
Fuldtid
Område
Norge
Arbejdssted
Norge
Telefonnummer
+47 9185 4099
Ansøgningsfrist
Snarest muligt
Tiltrædelsesdato
Snarest muligt

Foto: Fjord1

Kven passar det for?

Dette er ein strålande moglegheit for deg som studerer maritime fag eller arbeider som lærar innan feltet og ønskjer å byggje opp fartstid eller halde sertifikata gyldig. Kanskje er du i småbarnsfasen og vil ha meir fleksibilitet til å vere heime? Eller kanskje jobbar du allereie på sjøen og ønskjer å fylle opp fridagane med ekstra vakter? Uansett situasjon, så ønskjer vi å komme i kontakt med deg.  

Arbeid når det passar deg

Som vikar er du ikkje bunden til faste stillingar eller forpliktingar, men får anledning til å ta vakter etter ditt eige skjema. Enten det er nokre vakter i nærområdet, eller lengre periodar når etterspurnaden er der, tilpassar vi oss dine behov.

Krav til søkarar
Du må ha minimum gyldig helseattest og STCW grunnleggjande/vidaregåande sikkerheitskurs for sjøfolk. Utover dette vil kompetansekrava variere i samsvar med fartøy og stilling om bord.

- Høyres dette interessant ut? Send oss din søknad i dag, og vi kontaktar deg for ein uforpliktande samtale!

Arbeidsoppgåver

  • Ihht. stillingsinstruks for aktuell stilling 

Ønska kvalifikasjonar

  • Gyldig helseerklæring 
  • Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta 
  • Sertifikat for gjeldande stillingar

Personlege eigenskapar

  • Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande tariff 
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Varierte skiftordningar

Om Fjord1

Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Kontaktinformasjon:

Kaia Marie Vattøy, Servicemedarbeidar, tlf: + 47 91854099, e-post: kaia.vattoy@fjord1.no

Kjell Mjelleli, Bemanningskoordinator, tlf: +4791832085, e-post: kjell.mjelleli@fjord1.no

Jobmarked

Se alle

Bliv opdateret med maritimedanmark.dk

Tilmeld dig nyhedsbrevet fra den maritime branche. Vi leverer nyhedsoverblikket og fagligheden, gode jobtilbud og faglige events. Hver dag,